Namn på vegar i Nord-Aurdal

Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal legg ut på høyring ein del namn på vegar i Nord-Aurdal kommune. Det gjeld både forslag til namn på nokre nye vegar i bygda og på fjellet, og nokre forslag til endringar av eksisterande vegnamn. Høyringsfristen er 1. mars 2019. 

Stadnamnnemnda har hatt oppe til drøfting ein del vegnamn i kommunen.
 

Merknader kan sendast til:

Nord-Aurdal kommune v/stadnamnnemnda,
postboks 143
2901 Fagernes

eller til Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal på e-post nak@nord-aurdal.kommune.no

 

Stadnamnnemnda vil presisere at endring av vegnamn skaper problem både for eigar, kontaktar og postvesenet. Endringar bør difor berre skje dersom: 

  1. namnet er sett på feil grunnlag (sak, språk).
  2. namnet ikkje har vore på høyring eller vorte skikkeleg behandla før vedtak. 

 

To vegar i Månobygde

Vegen inn til byggjefeltet som i dag har adresse Månovegen 144 - 160 (PDF, 4 MB), har no så mange hus at det er vanskeleg å adressere dei til Månovegen. Forslag til vegnamn: Månojordet.

Det er planlagt eit nytt byggjefelt på gnr. 85/385 (PDF, 28 kB), der det gamle tunet på Sørre Måno låg. Tomta blir kalla Gamletun på folkemunne. Forslag: Vegen inn til det nye byggjefeltet får namnet Gamletun.

 

Namn på vegar i hyttefelt ved Hallinghøvdvegen

Stadnamnnemnda føreslår fuglenamn som vegnamn på det nye hyttefeltet ved Hallinghøvdvegen, like ved Sanderstølen. Det gjeld veg 1–8 (PDF, 173 kB) (rekkjefølgje i samsvar med nummer på kartet) og veg 12 (PDF, 32 kB). Forslag:

  • 1. Bjørkefinken
  • 2. Bokfinken
  • 3. Blåstrupen
  • 4. Gjerdesmetten
  • 5. Grånmeisen
  • 6. Såerla
  • 7. Linerla
  • 8. Spettmeisen 
  • 12. Fiskejoen 

 

Nytt vegnamn på veg i Gauklie

Grunneigarar på Gauklie har bedd om at ein veg som tek av frå Gauklivegen, får eige namn. 

Forslag: Vegen som tek av frå Gauklivegen (PDF, 923 kB) om lag ved Steindehaugen og går til Klukkarhaugen og rundt Kjeringhaugen, får namnet Klukkarhaugen.

 

Endra vegnamn på Leira

Oddbjørn Lihagen har kome med grunngitt forslag om at vegen Skaveldbakkatn bør heite Nyvegen. Dei som bur langs vegen, er samde om namneendringa. (Ei underskrift manglar fordi vedkomande ikkje har noka meining om saka.) 

Forslag: Vegnamnet Skaveldbakkatn på Leira blir endra til Nyvegen. 

 

Endra vegnamn på Tonsåsen

Dei som bur langs vegen som i dag heiter Tobakkatn, har kome med grunngitt forslag om at namnet Tobakkatn skal endrast til Togrende. Alle har skrive under på forslaget. 

Forslag: Vegnamnet Tobakkatn på Tonsåsen blir endra til Togrende.