Ny krisepakke for frivillige lag og organisasjonar
Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet.
Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.  
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.  
 
Søknadsfristen er 15. september.  
 
Det kan søkjast om:  
	- Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter). 
 
 Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.
 
- Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg). 
 
 Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.
 
- Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).  
 
- Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.  
 
Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider
    
      
        
          Sist endret 29.07.2020 16.55