Høyring om vegnamn

Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal har behandla nokre vegnamn på Aurdalsåsen og i Tisleidalen og føreslår desse namna:

Saksutgreiinga og kart over vegen finn du ved å klikke på kvart enkelt namn. Du kan òg få sakene i papirversjon på servicetorget i rådhuset. 

7/21 Namn på veg ved Nythun

Vedlegg: Kartskisse med stikkveg frå Søljehøvdvegen gjennom tunet på Nythun. (PDF, 368 kB)

Jo Dalen har bedd oss setja namn på ein veg som går gjennom tunet på Nythun og vidare inn til eit nytt hyttefelt, sjå vedlagd kartskisse.

Vurdering:
Leiaren har vore i kontakt med eigarane av Nythun, og dei ønskjer at vegen får namnet Nythunvegen. Namnet Nythun er ikkje eit opphavleg stadnamn, men eit namn som farfar til Marit, Ole Kampen, tok i bruk fordi han kjøpte to små tun innåt garden sin i Raneisbygde. Far til Marit, Reidar, hadde såleis Nythun som etternamn, og han gav det namnet til fjellstova han opna på Kruk i 1954.

På norgeskart.no står «Nytun» som namn på bruket i Raneisbygde, men det er ikkje stadnamnet der turistverksemda ligg. Familien ønskjer at namnet blir skrive slik dei skriv slektsnamnet og namnet på bedrifta. I dette tilfellet er det greitt, sidan «Nytun» ikkje er noko geografisk namn på staden.

Nythun AS ligg på Kruk, men Krukvegen er ikkje aktuelt, sidan det namnet alt er brukt ein annan stad i kommunen.

Framlegg til vedtak:
Vegen frå Søljehøvdvegen gjennom tunet på Nythun og vidare inn til nytt hyttefelt får namnet Nythunvegen.

8/21 Namn på veg ved Brattstølen

Vedlegg: Kartskisse med stikkveg frå Brattstølvegen (PDF, 627 kB)

Jo Dalen har bedd oss setja namn på ein veg som går frå Brattstølvegen inn i et nytt lite hyttefelt på Brattstølen, sjå vedlagd kartskisse.

Vurdering:
Området vegen går inn i, heiter Huskefeten. Det er såleis naturleg å bruke det namnet. Leiaren har vore i kontakt med grunneigaren om namnet, og han stadfestar at området heiter Huskefeten. Han støttar framlegget.

Framlegg til vedtak: Vegen frå Brattstølvegen inn til nytt hyttefelt får namnet Huskefeten.

Har du endringsframlegg, kan du sende dei til:

Nord-Aurdal kommune
Postboks 143
2901 Fagernes

eller til e-postadresse nak@nord-aurdal.kommune.no innan 10. juni 2021.