Høyring om vegnamn

Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal har behandla nokre vegnamn på Aurdalsåsen og i Tisleidalen og føreslår desse namna:

  • Venegutlie (sideveg til Danebuvegen)
  • Svartkøllvegen (sideveg til Tisleivegen)
  • Sinderstølvegen (sideveg til Golsvegen)

1/21 Namn på veg frå Danebuvegen og inn til nytt hyttefelt

Vedlegg: Kartskisse 1 Grønkinn (PDF, 2 MB)

Administrasjonen v/Jo Dalen har bede stadnamnnemnda om å setja namn på ein veg som tek av frå Danebuvegen vis-à-vis Tuvafeltet og går nordover parallelt med Auståsvegen, sjå vedlagd kartskisse 1 Grønkinn. Stølen Grønkinn og Grønkinnvegen ligg litt lenger aust.

Vurdering: Administrasjonen arbeider med reguleringsplan for området og ønskjer derfor eit eige namn på vegen nedanfor Auståsvegen. Vi kjenner ikkje til stadnamn i området, men vegen ser ut til å gå på tvers av ei bratt li. Kanskje kunne Kringsjåvegen vera eit høveleg namn?

Alternativt kan me velja eit blomenamn, som me har gjort andre stader på Aurdalsåsen. Venegut er eit lokalt namn for bergfrue, som vel er ein ganske vanleg vekst i fjellområda i Valdres. Sidan vegen går i ei bratt li, kunne ein vurdere Venegutlie – i staden for Venegut eller Veneguten åleine.

Framlegg til vedtak: Vegen frå Danebuvegen og inn til nytt hyttefelt nedanfor Auståsvegen får namnet Venegutlie.

Frå debatten: Anne Marit Framnes ringde til Jon Bratrud (Aurdal Historielag). Han meinte «Venegut» ikkje passa sidan det er eit tjedn som også heiter det. Ivar Aars meinte at blomen bergfrue heiter bergabreie i Valdres. Aud Søyland sa at Gullik Kirkevoll og Knut Hauge nemner venegut som namn for bergfrue i Årbok 1975, Tidsskrift for Valdres Historielag.

Vedtak til høyring: Vegen frå Danebuvegen og inn til nytt hyttefelt nedanfor Auståsvegen får namnet Venegutlie.
 

 

2/21 Namn på veg frå Tisleivegen inn i eit hyttefelt

Vedlegg: Kartskisse 2 Hyttefelt Tisleidalen (PDF, 2 MB)

Administrasjonen v/Jo Dalen har bede stadnamnnemnda om å setja namn på ein veg som tek av frå Tisleivegen og går inn i eit hyttefelt, sjå vedlagd kartskisse 2 Hyttefelt Tisleidalen. Vegen ligg like nedanfor Brattstølheisen og er ein eldre veg som tidlegare vore adressert til Tisleivegen, men på grunn av fortetting ser administrasjonen at det er hensiktsmessig med eit eige vegnavn.

Vurdering: Det er ingen stadnamn på kartet der vegen går, og han som legg ut hyttefeltet, Nils Torbjørn Fodnes, seier at han ikkje kjenner til nokon stadnamn i skogteigen. Han har sjølv tenkt på Nerre Brattstølvegen som eit høveleg namn. Eg nemnde på at me òg har brukt fuglenamn i Tisleidalen, og han var ikkje avvisande til det, dersom det av beredskapsgrunnar er vanskeleg å bruke Nerre Brattstølvegen.

Framlegg til vedtak: Vegen frå Tisleivegen rett nedanfor Brattstølheisen får namnet Nerre Brattstølvegen.

Frå debatten: Etter at sakspapira var sende ut, kom det eit anna namneforslag frå grunneigaren. Han fortalde at dei hadde ei ku som heitte Svartkøll, og som ikkje kom tilbake om kvelden. Ho hadde kalva ute og kom att til mjølking kvelden etter. Så snart ho vart sleppt ut att, la ho i veg, og dei følgde då etter henne og fann kalven. Dette skjedde i området der den aktuelle vegen går, og grunneigaren føreslår at vegen blir kalla Svartkøllvegen.

Vedtak til høyring:
Vegen frå Tisleivegen rett nedanfor Brattstølheisen får namnet Svartkøllvegen.

 

3/21 Namn på veg inn til Sinderstølen og Nystølen

Vedlegg: Kartskisse 3 Sinderstølen (PDF, 2 MB)

Administrasjonen v/Jo Dalen har bede stadnamnnemnda om å setja namn på ein veg som tek av frå Golsvegen ved Sinderstølen og går forbi Nystølen, sjå vedlagd kartskisse 3 Sinderstølen. Dette er ein eldre veg som tidlegare er adressert til Golsvegen. På grunn av fortetting ser administrasjonen det hensiktsmessig å ha eit eige namn på denne vegen. Her er det ei blanding av hytter, stølar og bustadhus.

Vurdering: Vegen tek av frå Golsvegen ved Sinderstølen og dannar ein T. Til venstre går han parallelt med Golsvegen forbi Nystølen; til høgre går han like forbi Sinderstølen og eit stykke nordover. Det er ikkje andre stadnamn på kartet i området. Sinderstølvegen er eit kjent stadnamn i området og er dessutan eit namn med historisk klang, fordi det er svært mykje sinder (slagg etter jernbrenning) i området. Nystølvegen er alt brukt ein annan stad i kommunen.

Framlegg til vedtak: Vegen frå Golsvegen inn til Sinderstølen og Nystølen får namnet Sinderstølvegen.

Frå debatten:
Harald Volden er kontakta og meiner i likheit med leiaren at Sinderstølvegen er eit kjent stadnamn i området og dessutan eit namn med historisk klang. Sinder er slagg etter jernutvinning – noko det finst mykje av i området.

Vedtak til høyring:
Vegen frå Golsvegen inn til Sinderstølen og Nystølen får namnet Sinderstølvegen.