Høyring om namnet Stogodalen/Stugudalen

Statens kartverk gjorde den 10.06.2021 vedtak om skrivemåten Stogodalen i Nord-Aurdal kommune. Vedtaket er påklaga av eigaren av bruk 107/4, som ynskjer Stugudalen

Statens kartverk har difor reist klagesak om namnet Stogodalen/Stugudalen. Det vil seia at namnet skal opp til ny vurdering i Kartverket, etter ein høyringsrunde.

Bakgrunn for saka

Stogodalen ligg stort sett i Nord-Aurdal, men munnar ut i Sør-Aurdal og kryssar ei dialektgrense. I Nord-Aurdal er Stogo- den vanlege uttaleforma, medan Stugu- er den vanlege i Sør-Aurdal. Etter å ha gjennomført ei høyring om namnet våren 2019 meinte stadnamnnemnda i Nord-Aurdal i møte 13.5.2019 at det var eit fleirtal for forma Stogodalen. Som høyringsinnspel til Kartverket sende vi saksutgreiinga vår, høyringsfråsegna frå Dag Westerheim og frå vegstyret for Stogodalsvegen. Statens kartverk gjorde deretter vedtak om namnet Stogodalen.

Ny vurdering

Sidan vedtaket om namnet Stogodalen er påklaga, pliktar Kartverket å gjennomføre ei ny høyring. Nord-Aurdal kommune har fått melding om å skrive til dei som har bruk eller stølseigedommar i området, og høyre kva for namneform de meiner er den rette.

Vi ber dykk svara kommunen innan 26. januar 2022. Nord-Aurdal kommune sender deretter høyringsinnspela til Kartverket.

Svar sendes skriftlig til Nord-Aurdal kommune, postboks 143, 2901 Fagernes, eller som e-post til lars.isachsen.jemterud@nord-aurdal.kommune.no.

 

Vennleg helsing

for stadnamnnemnda
Aud Søyland                                                                     Lars Isachsen Jemterud
leiar                                                                                   kulturkonsulent