Grendemøte i Aurdal menighetshus: Stadnamn i Aurdal og på Bjørgo

Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal går for tida gjennom stadnamn i søre del av kommunen, for å rette namn som er skrivne feil. I den samanhengen ber me om innspel frå grendene. 

Det blir møte i Aurdal menighetshus tysdag 9. april kl. 18.00.
I framkant av møtet kan alle interesserte finne kartutsnitt og ei liste over stadnamn for det aktuelle området her:

Stedsnavn_Brustogo_Sørskogen (PDF, 94 kB)
Utsnitt_Brustogo-Sørskogen (PDF, 7 MB)

De kan òg få ei utskrift av lista på servicetorget i rådhuset. Detaljerte kart for området finn de ved å gå inn på norgeskart.no eller valdreskart.no. Der kan de søkje opp alle stadnamn som står i lista.
Endringsforslag frå stadnamnnemnda er med i lista som ligg ute. I nokre tilfelle har me berre skrive eit spørsmålsteikn, fordi me er usikre på om namnet er rett, og vil be om innspel. Elles må det seiast at nemnda gjerne ville ha skrive namn noko meir dialektnært, for eksempel høvda, øddin og vøllen, men dei statlege retningslinjene for skrivemåten av stadnamn tillèt ikkje desse formene.
Me ber møtedeltakarane gå gjennom lista på førehand og notere endringsforslag. Både forslaga frå nemnda og innspel frå publikum blir presenterte i møtet, og me går gjennom alle forslag saman.
Vidare ber me lagsleiarar som får dette brevet, om å sende det vidare til styra og gjerne til medlemmene i det aktuelle laget.
Det blir enkel traktering. Alle er velkomne!

Med helsing
stadnamnnemnda i Nord-Aurdal kommune
 

v/Aud Søyland             Lars Isachsen Jemterud
leiar                             kulturkonsulent