Oppdatert: Møte om stadnamn i Aurdal og på Bjørgo

Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal går for tida gjennom stadnamn i søre del av kommunen, for å rette namn som er skrivne feil. I den samanhengen ber me om innspel frå grendene. 

Takk for det store engasjementet de viste i går kveld! Det vart eit godt og konstruktivt møte, med mange nyttige innspel.

Me kom altså fram til bokstaven M og er om lag halvvegs i lista over stadnamn. Som avtala held me eit nytt møte for å gå gjennom resten. 

Aurdal menighetshus - Torsdag 2. mai kl. 18.00–21.00

Me håpar at mange av dykk har høve til å koma att den kvelden.  Eg har òg avtala med nokre av dykk at de kan levere lister med namn som manglar i dagens kart, til meg.

 Dersom de vil inn og søkje etter namn i kartet, så er adressa til nettsida norgeskart.no

Beste helsing
Aud


I framkant av møtet kan alle interesserte finne kartutsnitt og ei liste over stadnamn for det aktuelle området her:

Stedsnavn_Brustogo_Sørskogen (PDF, 94 kB)
Utsnitt_Brustogo-Sørskogen (PDF, 7 MB)

De kan òg få ei utskrift av lista på servicetorget i rådhuset. Detaljerte kart for området finn de ved å gå inn på norgeskart.no eller valdreskart.no. Der kan de søkje opp alle stadnamn som står i lista.
Endringsforslag frå stadnamnnemnda er med i lista som ligg ute. I nokre tilfelle har me berre skrive eit spørsmålsteikn, fordi me er usikre på om namnet er rett, og vil be om innspel. Elles må det seiast at nemnda gjerne ville ha skrive namn noko meir dialektnært, for eksempel høvda, øddin og vøllen, men dei statlege retningslinjene for skrivemåten av stadnamn tillèt ikkje desse formene.
Me ber møtedeltakarane gå gjennom lista på førehand og notere endringsforslag. Både forslaga frå nemnda og innspel frå publikum blir presenterte i møtet, og me går gjennom alle forslag saman.
Vidare ber me lagsleiarar som får dette brevet, om å sende det vidare til styra og gjerne til medlemmene i det aktuelle laget.
Det blir enkel traktering. Alle er velkomne!

Med helsing
stadnamnnemnda i Nord-Aurdal kommune
 

v/Aud Søyland             Lars Isachsen Jemterud
leiar                             kulturkonsulent