Digitale kartløsninger i kommunen

Valdreskart er under avvikling og har ikkje vorte oppdatert sidan 1. juni 2023. Ein del arealplaner, bygg og eigedomsgrenser er endra sidan då, difor må valdreskart nyttast med forsiktigheit. Det same gjeld geoinnsyn.

Vi rår til at alle byrjar å nytte dei to nye systema som erstattar valdreskart og geoinnsyn; Arealplaner.no og Origo/Kommunegis. Dette er ei førebels haste-brukar-rettleiing av dei nye kartsystema. Det vil kome betre rettleiarar etter kvart.

Arealplaner.no

Arealplaner.no er løysinga som gir enkel tilgang til arealplaner, plandokument og arealplanregisteret. Du kan ta utgangspunkt i følgjande ved søk:

  • Posisjonen du er på
  • Adresse eller gards- og bruksnummer
  • Søke på eit plannavn eller ein plan-ID

Du får opp både gjeldande planer og planar i prosess. Når du har valt ein plan og klikker i kartet og "Se kartdetaljer", får du (etter litt tid) opp eit større kartbilete. I det kartet kan du klikke og få opp arealføremål og hensynssoner for aktuelt punkt.

Begrensingar i arealplaner.no er td. at utskrift er vanskeleg og det ikkje er mogleg å legge inn andre typer bakgrunnskart enn standardvisninga. Det og mykje anna er derimot mogleg i kommunegis.

 

Origo/Kommunegis

Origo/Kommunegis liknar i oppbygging og menyval på andre kart vi kjenner frå nettet, som td. norgeskart. Her finn ein det meste av det ein treng av kartdata, du finn eigedomsgrenser og arealplanar og du kan ta ut situasjonskart (PDF, 3 MB).

Bruk laglista (Åpne lagliste) i venstremenyen for å  ta opp det du ynskjer. Du kan skru av og på lag, du kan flytte lag opp og ned og du kan gjere lag gjennomsiktige.

Applikasjonen er ikkje heilt tilpassa med gode visningar enno. Td. må ein taste inn starten av plannavn ved søk på planer. Laga under "Reguleringsplan forslag" er ikkje skrudd på. Trykk på dei tre prikkane og "Aktiver lag" for å få opp alle laga under.