Tusen takk for det tre veker lange besøket på rådhuset til 6.trinn ved NABS!

Denne våren har dei fleste erfart at det å vera fleksibel og løysingsorientert er eigenskapar som kjem til god nytte. Koronapandemien har medført at mykje har vorte annleis enn det ein hadde planlagt på førehand. Slik har det også vore med skulekvardagen, for elevar, skulemedarbeidarar og føresette. Kreative prosessar og forslag er drøfta og gjennomført i alle ledd med fokus på best moglege løysingar i ein uforutsigbar og annleis situasjon.

I Nord-Aurdal har dette bl.a. gjort seg utslag i at 6.trinn har hatt tilhald i kommunehuset dei tre siste skulevekene. Dette har vore ei løysing som elevar og tilsette har uttrykt stor tilfredsheit med. Og tilsette på kommunehuset har rosa elevane for kor fint det har vore å ha denne kjekke elevflokken i nærområdet. Kommunestyresalen, festsalen, kantina og parkområdet ved fjorden har vore fylt med positiv læringsaktivitet på ein eksemplarisk måte. Og med dette har det vore gitt større rom for å tilfredstille smittevernråd for alle elevar og vaksne i skulen i Nord-Aurdal kommune.

Tusen takk for besøket på rådhuset til 6.trinn ved NABS og tilhøyrande vaksne!

Klikk for stort bilde Ann Kristin Nysveen