Stadnamnnemnda foreslår nye vegnamn på Aurdalsåsen

Stadnamnnemnda avslutta fireårsperioden med å føreslå fem nye vegnamn på Aurdalsåsen. Frå før har nemnda brukt plantenamn der det ikkje har vore lokale stadnamn som kunne brukast. Forslaga til vegnamn er: Marikåpa, Tiriltunga, Geiteberget, Skibakkvegen og Danskebakkin.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka 5. september.

Klikk for stort bilde