Stadnamn ute til høyring

Nord-Aurdal kommune har no lagt nokre stadnamn ut på høyring, med høyringsfrist 24. april 2019.

Kartverket har bedd Nord-Aurdal kommune sende ut på høyring stadnamn som begynner med Stogo-/Stugu, for å få fastsett ein fast skrivemåte av desse namna. Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal ønskjer skrivemåten Stogo- fordi det samsvarar med den vanlege uttalen i Nord-Aurdal. Eigarar av bruk med namn som begynner på Stogo- eller Stugu-, får eige brev om saka (PDF, 419 kB).

Vidare sender vi på høyring namnet Kattultjednet. Bakgrunn for saka finn du i saksutgreiinga (PDF, 284 kB) til stadnamnnemnda.

Innspel til dei ulike sakene blir behandla i stadnamnnemnda i neste møte, i mai 2019. Framlegga til vegnamn går deretter til hovudutvalet, som sender si tilråding til Språkrådet.