Nye vegnamn på Aurdalsåsen

Nord-Aurdal kommune ønskjer å få sett namn på fem vegar på Aurdalsåsen. Stadnamnnemnda kjem her med sine forslag. Sidan området er sterkt utbygd og det til dels er vanskeleg å finne lokale stadnamn i området, har nemnda i eit par tilfelle brukt plantenamn. I eit par tilfelle har nemnda alternative forslag.

Høyringsfrist for innspel til forslaga er 1. august 2019.

  1. Stikkveg frå Gråndalsvegen (PDF, 227 kB) får anten namnet a) Geitolvegen eller b) Geitolen.
  2. Stikkveg frå Fetjasetvegen (PDF, 762 kB) nord for Svarttjednet får namnet Tiriltunga.
  3. Stikkveg frå Fetjasetvegen (PDF, 762 kB) nord for Svarttjednet får namnet a) Geitebergvegen eller b) Geiteberget.
  4. Stikkveg frå Freningvegen (PDF, 190 kB) får namnet Skibakkvegen.
  5. Stikkveg frå veg nr. 4 (PDF, 190 kB) får namnet Danskebakkin.

Du kan òg få dei i papirversjon på servicetorget i rådhuset. 

Har du endringsframlegg, kan du sende dei til Nord-Aurdal kommune, postboks 143, 2901 Fagernes, eller til e-postadresse nak@nord-aurdal.kommune.no