Asfaltering i Fagernes sentrum

Jernbanevegen var fram til i fjor Fylkesveg. Fylket hadde sett av midlar til nytt fortau mellom stasjonsbygningen og Kiwi med nytt gangfelt ved Panorama/Kiwi. Vegen er no kommunal veg og Nord-Aurdal kommune fekk utbetalt desse midlane for å gjennomføre arbeida i kommunal regi.

Fagernes Anlegg AS tek seg av anleggsarbeida, og dei nyttar Steinspesialisten til å legge kantstein og Veidekke/Valdres Asfaltservice til å legge asfalt. EL-Tjenester AS har arbeida med gatelys, og Plan og Oppmåling Valdres har teke seg av utstikking.

Kommunens byggeleder og ansvarlig prosjekterende er avdelingsingeniør Erik Dajani. I tillegg til nytt fortau blir overflatevatnet i vegen fanga opp med nye sluk og sandfang, og nytt fall på vegen.

Heile vegbreidda blir take att frå Gjestegården fram til Rådhuset. Vegen blir justert ned frå 7 m breidde til 6 m breidde for å gje betre plass til fortaua. Fortausbreidda blir på 3m. Det er satt ned ny kantstein langs heile strekket som er 230 m langt.

Det blir nytt gatelys langs heile strekket, og dette har vore etterlyst av politet for å gjere området tryggare og triveligare på kveldstid. Ved gangfelta blir det sett opp intensivbelysning av typen som nylig vart sett opp av fylkeskommunen i Skrautvålsvegen.

Alle arbeid er planlagt ferdigstilt til 31 oktober.