Skip Navigation LinksAktuelt > Aktuelt
Aktuelt

Vegnamn ute til høyring

Marsteinsvegen - Klikk for stort bilde

Nord-Aurdal kommune har lagt tre vegnamn og eitt områdenamn ut på høyring, med høyringsfrist 1. november.

 

Publisert av Morten Stensby. Sist endret 04.10.2017

Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal har behandla namn på ein veg i Skrautvål sameige og tre vegar på Liaåsen. Du kan få kart som viser dei aktuelle vegnamna, dersom du kontaktar servicetorget i kommunen.

Førebels vedtak i stadnamnnemnda:

  1. Veg frå Svarthamarvegen (PDF, 228 kB)mellom Dalsvegen og Åbbortjednet som går inn til Kattultjednet/Katturdtjednet, får anten namnet 1) Kattulvegen eller 2) Katturdvegen.
  2. Veg frå Liaåsvegen (PDF, 3 MB) i retning Haraldstølen får namnet Haraldstølvegen.
  3. Veg frå Stogovøllvegen (PDF, 2 MB) til Ådnevike (noverande Ådnevikvegen) og vidare gjennom Stogodalen til Naustvøllen får namnet Stogodalsvegen.
  4. Området der nye E16 frå Bagn til Bjørgo kjem innpå gamle E16 (PDF, 2 MB) nord for Klosbøle skal skrivast Kjeringsvingen.

Framlegga til vegnamn skal takast opp i hovudutvalet, som har avgjerdsmyndigheit når det gjeld vegnamn. Dersom det ikkje kjem forslag til endringar, kjem namna opp i møtet tidleg på nyåret 2018.

 

Rådhuset - Jernbanevegen 22
Fagernes
Boks 143, 2901 Fagernes
nak@nord-aurdal.kommune.no
(+47) 61 35 90 00
(+47) 61 35 90 01
Åpningstider
9-16 (9-15 fra 15.5-15.9)
Org.nr: 961 381 908
Kontonr: 2367.05.40200

Kommunenr: 0542
Valdreskommunene Etnedal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune